Basthaugen Gard
  • Start
  • Garden
    • Brukshistorie
    • Bygningar
    • Historie
    • Grindverksløa
  • Kurs og tenester
    • Aktuelle kurs
    • Livsyogakurs
    • Vinkurs
  • Kontakt
  • Blogg

"O sole mio" - Godt nytt år frå Basthaugen Gard

12/31/2018

0 Comments

 


Då er siste dag av 2018 komen. No når det er på det aller mørkaste, set i alle fall me pris på ekstra sol og dagslys.  Og kva kan då vera betre enn å reisa til sola og lyset i Napoli, Italia?
​
Me på Basthaugen Gard vil takka dykk alle for det gamle året med ein liten biletserie frå jule- og bursdagsfeiring i Napoli, jula 2018. Både unge og eldre på garden har falt for denne byen med utsyn mot Vesuv, fødebyen til pizzaen, alle julekrybbene og julekrybbeprodusentane, dei omlag 400 kyrkjene og katedralane og det pulserande livet både dag og natt. Som ekstra bonus fekk me ein smak av vår/sommar i denne fantstiske byen slik at me vart litt i stuss på kva for årstid det eigentleg var. Men om ikkje lenge er det vår att her i Noreg og nye lam kjem til verda. GODT NYTT ÅR!

English Translation
What a wonderful thing a sunny day
The serene air after a thunderstorm
The fresh air, and a party is already going on…
What a wonderful thing a sunny day.
But another sun,
that’s brighter still
It’s my own sun
that’s in your face!
The sun, my own sun
It’s in your face!
It’s in your face!
When night comes and the sun has gone down,
I start feeling blue;
I’d stay below your window
When night comes and the sun has gone down.
But another sun,
that’s brighter still
It’s my own sun
that’s in your face!
The sun, my own sun
It’s in your face!
It’s in your face!
​https://www.thoughtco.com/o-sole-mio-lyrics-724335

0 Comments

Julekort anno 2018 frå Basthaugen Gard: "Å Betlehem, du vesle by"

12/9/2018

0 Comments

 
I år vert også julekortet vårt eit blogginnlegg til familie, vener, slekt og bekjente. 2018 går mot slutten og julebarnet anno 2003, Sunniva, vart konfirmert. No er begge ungdommane på Basthaugen på god veg til å verta vaksne og er godt i gang med å ta val for framtida. Men det aller viktigaste er at dei begge kjenner seg trygge i kvardagen, også når dei møter motgang. Motgang er og blir den viktigaste kjelda til vekst for både unge og gamle, også for oss her på garden. Det er mykje å vera takknemlege for.
Bilete: Jannike Stendal Nordanger
 Det er klart at for oss er sjølvsagt kvardagen og framtida til ungdommen vår viktig, men i år er me ekstra takknemlege for at den gamle grindverksløa er ferdig restaurert. Dette har teke tid, men no er ho faktisk ferdig. Enno er det arbeid att for oss og nye prosjekt veks fram. Likevel er det største arbeidet over, og me ser fram til å rydda utanfor og ferdigstilla løa. Ikkje minst skal det bli kjekt å kunna visa løa fram til familie, slekt, vener og dei som måtte ha interesse for det. Det er berre å ta kontakt om du skulle ønskja det. Me kjem tilbake til takketalane då det er mange som fortener dette!
Det er mange gode hendingar i 2018, men konfirmantgåva til Halvor var ei stor hending for konfirmanten anno 2017 og mora. I månadsskiftet februar/mars drog me på ei fantastisk rundreise i Israel med Harald Sundsbø som reiseleiar. Me starta i badebyen Eilat heilt i sør før me reiste nordover via Dødehavet og Jerioko til Tiberias. Det vart tur på Genesaretsjøen, me køyrde til Golanhøgda og såg over til Syria, var i Nasareth, Karmelfjellet, Caesarea, Jerusalem og til slutt Betlehem. Det er vanskeleg å setja ord på slike store opplevingar. I tillegg reiste me i lag med ei fantastisk gruppe menneske, og me har allereie hatt reunion to gongar for å mimra om turen og alt me opplevde i lag.
Då vil me alle her på Basthaugen Gard takka for dette året og ønskja dykk alle ei riktig god jul og eit godt nytt år.

​
Nye rapportar om stort og smått på garden kjem i det nye året!

Å Betlehem, du vesle by 
​
(av Phillips Brooks)

Å Betlehem, du vesle by, 
me ser deg kvila der. 
Og over deg så stille dreg 
den store stjernehær. 
Men i dei mørke gater 
eit æve-lys skin ned. 
Til deg no går dei tusen år 
sin lengsel etter fred. 

For denne natt ein frelsar stor 
vart fødd, og englar kvad. 
Mens verda sov, dei song Guds lov, 
og himmelen vart glad. 
Å, morgonstjerner alle, 
orkynn at han er fødd! 
Du stjernekor, pris kongen stor! 
Og fred på jorda mødd! 

Kor stilt, kor stilt vår Herre gav 
den julegåva god! 
Slik himmelen gjev jorda enn 
si rike signingsflod! 
Me merkar ei hans kome, 
men til kvar open sjel 
stig Jesus inn med nåden sin 
og gjer ein syndar sæl. 

Å, kongebarn frå Betlehem, 
inn i vårt hjarta drag! 
Me audmjukt bed: Stig til oss ned, 
vert fødd i oss i dag! 
Me høyrer englesongen 
det glade bod fortel. 
Å, kom til oss, å, ver hos oss,
Guds Son, Immanuel!
0 Comments

"Eit nyfødd lam ligg.." (Fredrik Vågenes)

10/7/2018

0 Comments

 
Picture
Frå måleri i ei kyrkje/kapell på Betlehemsmarkene, Betlehem i mars 2018.  (Foto: Mona S. Brekkan)
No er det over. Det me har kvidd oss til, er over. Det er nødvendig, men det er ikkje kjekt. Men no er det gjort, no er det heldigvis over. Me kan sjå fram til ein ny sesong, ein ny vêr og ein ny vår med lemming. Medan me ventar på vêren, kan det vera OK å lesa eit dikt om lemming og at det av og til ikkje alltid går heilt som planlagd i lemminga heller. 

Dei siste lamma våre kom seint, og nabo og nevø, Fredrik Vågenes, vart inspirert til å skriva då han var på besøk under heimeeksamen. Dette diktet er frå samlinga "finst det ein morgon" som var eksamensbesvarelsen hans på tekst- og skribent-linja på Westerdals: 

​eit nyfødd lam ligg i sponhaugen og
brekar etter mora som spring etter
seg sjølv med navlestrengen
hengande etter som 



du du du har

gløymt

                                             deg sjølv
0 Comments

Om Lambi, Milo og Yin og Yang

8/8/2018

0 Comments

 
Våren og sommaren er snart over og plutseleg er det faktsik slaktetid. Det er ikkje noko hyggeleg å tenkja på og noko me aldri vil verta vande med her på Basthaugen Gard. I oktober er det fire år sidan dei elleve første svartfjesa kom til Basthaugen gard. På bøane går det i skrivande stund tjue søyer, søtten lam og ein vêr er i pensjon på Grindheim. 

Læringskurva har vore bratt i forhold til det aller meste. Denne sesongen fekk me også fire kopplam. Dessutan gjorde finvêret det slik at flogemakken slo til tidleg og fekk gode kår tidleg i sesongen då me enno hadde lemming. Me mista dessverre ei søye i eit flogemakkangrep som me oppdaga for seint. Slik fekk me dei to siste kopplamma av fire som fekk namna Yin og Yang.

Ein ettermiddag og kveld nokre veker før brukte me til å redda eit kopplam frå flogemakkangrep. Gubben heldt lammet, medan kjerringa plukka flogemakk med pinsett frå bakenden, barberte med skjeggklipparen til gubben, dyppa det i grønsåpevatn og spraya det godt med blåspray. Dette hadde eg ikkje trudd eg skulle gjera då eg sat på lesesalen i studietida;-)! 

Det er noko meir komplisert når dei vaksne sauene vert angripne. Skjeggtrimmaren til gubben er ikkje så effektiv på dei vaksne som på eit lite lam. Då var me heldige som fekk hjelp frå Pål, Kenneth og Laila med å få klipt to vaksne søyer slik at me fekk kontroll på angrepa i tide. Men det er ikkje like lett å få vaksne søyer i grønnsåpebad som med lam, men me fiksa det også. 

Det aller første kopplammet var ein av trillingane til ei av dei eldste søyene våre.  Det var så svakt og lite. Likevel var det dette me faktisk greidde å redda - på badet vårt- som i fleire veker denne våren lukta kraftig sau og sauefjøs. Difor fekk dette vesle lammet namnet Lambi. Det budde på badet i fleire dagar, så i ei innhengning ute om dagen og på badet om natta. 17. mai sette me det ut til mora  som ikkje lenger hadde lam, men ho tok det til seg att og passa på det. Rett og slett ei fantastisk mor. Men me måtte framleis gje det mjølk. Etter to veker var ikkje Lambi så interessert i flaska lenger. Ein liten spionrunde måtte til, og eit nytt mirakel var skjedd på Basthaugen: Søyemora hadde ikkje berre teke til seg Lambi att, men ho hadde også greidd å få Lambi til å ta mjølk frå ho etter fleire veker utan lam! Oppi alt vart dette ei stor glede for oss! Denne mora byrjar å dra på åra, men me greier ikkje å senda ho av garde denne sesongen etter den fantastiske gode jobben ho har gjort. 

Det andre kopplammet var eit lam mora ikkje ville ha.  Eg oppdaga heldigvis lammet i tide og sprang på vestre bøen med det blodige lammet og prøvde å få mora til å forstå at det var hennar. Men ho var rett og slett eit naut og  hadde lagd sin elsk på to andre lam. Men me ga ikkje opp med det første og la kraftfôr på ryggen lammet. Men mora sleika berre så lenge kraftfôret var det og og stanga det vekk når det ikkje var meir. Då var det godt å ha god tilgang på råmjølk frå Arve & CO. Og råmjølk er kraftige saker og gjorde susen. Dette lammet fekk også bu på badet litt, men ho var så stor og kraftig og måtte i eit hundebur med dør eit par netter. I og med at me ha rvaskemaskina på badet, fekk dette lammet namnet Milo. Denne søya vert det noko enklare å senda, spør du meg.

Til slutt måtte me berre få klipt sauene. Pål stilte opp, men då slo svartfjesa seg  vrange. Dei ville ikkje komma så tidleg på dagen. Dei likar best at me kjem til dei på ettermiddagen og kvelden. Har me skjemd dei bort? Er det mogeleg? Heldigvis fekk me tak i Kåre med sauehundane Cal og Ragna. Desse fekk på imponerande vis samla stabeisa våre på rekortdtid slik at Pål endeleg kunne få klipt dei. Dermed kunne me endeleg senka skuldrene.  

Me er utruleg takknemlege for alle som har hjelpt oss når det har røynt på denne våren. Til og med elektrikaren som var hjå oss, hadde gode innspel som var til hjelp. I tillegg til elektrikaren, Pål, Laila, Kenneth og Kåre, må me takka Jannike, Johnny, Lone og Stein Erik, Martha, Sølvi, Arve og Kurt.

​Alle bilete: Jannike S. Nordanger


0 Comments

Takk til Radøy kommune, Hordaland Fylkeskommune og Norsk Kulturminnefond

7/16/2018

0 Comments

 
Det har vore ein travel vår, men her kjem første halvårsrapporten frå Basthaugen Gard. Den handlar først og fremst om grindverksløa, så skal me rapportera om sauene og garden seinare. 

No er gråsteinsmurane fiksa. Haakon Aase og læresveinane hans har gjort ein fantastisk jobb med å ferdigstilla murane. Det mest synlege provet er at gavlen i sør er sett tilbake til sin opprinnlege utsjånad. Takk til Haakon & CO! 

Det hastar med å få ordna taket og dei øydelagde grindverkskonstruksjonane. Etter at me saga ned grantrea rundt løa, har vêr og vind fått betre tak i ho. Men desse måtte ned då dei store røtene grov seg inn i og løfta murane. Me har hatt ein god dialog med  både Radøy kommune og Hordaland Fylkeskommune. Nytt tak er kjøpt inn og handverkar skal snart ta til med arbeidet med å reparera grindverket og leggja taket. Me gler oss! 

Kulturlandskapet på garden har blitt meir autentisk etter at me starta med Svartfjessau. Men grindverksløa har ein slik sentral plass på garden at me ville investera våre eigne private midlar i å restaurera løa. Det fører til store private investeringar å setja i stand eit gamalt kulturminne for vanlege folk som oss. Me har gjort dette på eige initiativ over lengre tid og hatt eit langt perspektiv på arbeidet.  Likevel ville me ikkje kunna ha sett i gang med slike store investeringar utan støtte utanifrå. Me vil i denne omgang særskild takka Radøy kommune, Hordaland Fylkeskommune  og Norsk Kulturminnefond som har vore med på å gjera dette mogeleg. 

Bilete Av Tina Monslaup, Jannike S. Nordanger og Basthaugen Gard.
0 Comments

"From all of us to all of you" Julehelsing frå Basthaugen gard anno 2017

12/19/2017

0 Comments

 
Jula kjem ikkje som julekvelden på kjerringa, for no er til og med juletreet på plass. Der har det stått trygt i litt over ei veke allereie. Det kjem heller ikkje til å ramla ned då det noko skeive juletreet frå eigen skog rett og slett er tjora godt fast i trappegelenderet. Om du ikkje toler tre som ser naturlege ut, er det ikkje lurt å ta turen innom oss. Hjå oss er nemleg skeive juletre hjarteleg velkomne, og det er pynta på eklektisk vis med julepynt frå fleire ulike tiår. Eit slik unikt og individuelt tre finn du i alle fall ikkje i glansa interiør- og juleblad. 
​
I år vert julehelsinga frå oss til familie, slekt, vener, fjesbokvener, naboar og til dei som skulle  kika innom på nettstaden vår, eit aldri så lite blogginnlegg i staden for det tradisjonelle julekortet. Ro og fred har blitt prioritert høgare enn julekort og julebakst denne jula. Men du verda så kjekt det er å få eit julekort i posten.

Så ei lita oppsummering av året på garden: Svartfjes-flokken aukar jamt og trutt og no tel flokken 23 stykk eller strengt teke 24, då ein er på rømmen enno. Det vart nemleg litt dramatikk rett før me skulle setja den nye vêren frå Øygarden på søyene. Han var av det utolmodige slaget. Då brunsten steig i han, vart det for einsamt å spankulera med den vesle selskapsvêren me hadde plassert i lag med denne vaksne karen. Og ein sein kveld i slutten av november stakk han frå både lammevêr, søyer og oss. Då måtte gubben hiva seg rundt, reisa land og strand rundt, og me enda opp med to vêrar frå Tysnes. Vonlegvis vil ein av dei fungera.

I skrivande stund vert stillaset sett opp på sørveggen til løa, og tørrmurar Haakon Aase & Co skal få skikk på ho i 2018. Målet er at me neste år også skal få fiksa taket. Kanskje me til og med er så heldige å få kledningen på med tømmer frå eigen skog? Me gler oss til å sjå resultata og håpar at denne jobben kan vera til glede  og av interesse for mange fleire enn oss på Basthaugen gard. For oss er restaureringa ei gåve til oss sjølve, men intensjonen er at dette like mykje er ei gåve til ettertida.

Ei anna viktig hending hjå oss i år var Halvors konfirmasjon som me fekk feira i lag med familie og vener den 14. mai. Sjølv om det til tider var rimeleg pinleg for konfirmanten, særleg under talen frå oss foreldre, var dette ein stor dag for hovudpersonen. Han er no den som ruvar høgst over bakken av oss som bur i Øvre Mjøs 11.

Basthaugen gard har også friska opp logoar og nettstad og lanserer med denne julehelsinga den nye bladbunaden på nettstaden vår. Difor ein stor  takk til Jannike, Brita, Tina og Nordhordland Næringshage som har hjelpt oss med å få dette til.
 
Med dette ønskjer me dykk alle ei fredeleg og gledeleg jul og dei beste ønskjer for det nye åre!
 
Hjarteleg helsing Sunniva, Halvor, Bjørn og Mona
 Simba, Bella, Daisy, Jojo og  Xelia helsar også!

Bilete: Tina Monslaup og Jannike Steindal Nordanger
0 Comments

    Author

    Mona Brekkan

    Gammal blogg

    Archives

    December 2018
    October 2018
    August 2018
    July 2018
    December 2017

    Categories

    All

    RSS Feed

Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • Start
  • Garden
    • Brukshistorie
    • Bygningar
    • Historie
    • Grindverksløa
  • Kurs og tenester
    • Aktuelle kurs
    • Livsyogakurs
    • Vinkurs
  • Kontakt
  • Blogg