Det har vore ein travel vår, men her kjem første halvårsrapporten frå Basthaugen Gard. Den handlar først og fremst om grindverksløa, så skal me rapportera om sauene og garden seinare.
No er gråsteinsmurane fiksa. Haakon Aase og læresveinane hans har gjort ein fantastisk jobb med å ferdigstilla murane. Det mest synlege provet er at gavlen i sør er sett tilbake til sin opprinnlege utsjånad. Takk til Haakon & CO! Det hastar med å få ordna taket og dei øydelagde grindverkskonstruksjonane. Etter at me saga ned grantrea rundt løa, har vêr og vind fått betre tak i ho. Men desse måtte ned då dei store røtene grov seg inn i og løfta murane. Me har hatt ein god dialog med både Radøy kommune og Hordaland Fylkeskommune. Nytt tak er kjøpt inn og handverkar skal snart ta til med arbeidet med å reparera grindverket og leggja taket. Me gler oss! Kulturlandskapet på garden har blitt meir autentisk etter at me starta med Svartfjessau. Men grindverksløa har ein slik sentral plass på garden at me ville investera våre eigne private midlar i å restaurera løa. Det fører til store private investeringar å setja i stand eit gamalt kulturminne for vanlege folk som oss. Me har gjort dette på eige initiativ over lengre tid og hatt eit langt perspektiv på arbeidet. Likevel ville me ikkje kunna ha sett i gang med slike store investeringar utan støtte utanifrå. Me vil i denne omgang særskild takka Radøy kommune, Hordaland Fylkeskommune og Norsk Kulturminnefond som har vore med på å gjera dette mogeleg. Bilete Av Tina Monslaup, Jannike S. Nordanger og Basthaugen Gard.
0 Comments
|
AuthorMona Brekkan Archives
December 2021
Categories |