Jula kjem ikkje som julekvelden på kjerringa, for no er til og med juletreet på plass. Der har det stått trygt i litt over ei veke allereie. Det kjem heller ikkje til å ramla ned då det noko skeive juletreet frå eigen skog rett og slett er tjora godt fast i trappegelenderet. Om du ikkje toler tre som ser naturlege ut, er det ikkje lurt å ta turen innom oss. Hjå oss er nemleg skeive juletre hjarteleg velkomne, og det er pynta på eklektisk vis med julepynt frå fleire ulike tiår. Eit slik unikt og individuelt tre finn du i alle fall ikkje i glansa interiør- og juleblad.
I år vert julehelsinga frå oss til familie, slekt, vener, fjesbokvener, naboar og til dei som skulle kika innom på nettstaden vår, eit aldri så lite blogginnlegg i staden for det tradisjonelle julekortet. Ro og fred har blitt prioritert høgare enn julekort og julebakst denne jula. Men du verda så kjekt det er å få eit julekort i posten. Så ei lita oppsummering av året på garden: Svartfjes-flokken aukar jamt og trutt og no tel flokken 23 stykk eller strengt teke 24, då ein er på rømmen enno. Det vart nemleg litt dramatikk rett før me skulle setja den nye vêren frå Øygarden på søyene. Han var av det utolmodige slaget. Då brunsten steig i han, vart det for einsamt å spankulera med den vesle selskapsvêren me hadde plassert i lag med denne vaksne karen. Og ein sein kveld i slutten av november stakk han frå både lammevêr, søyer og oss. Då måtte gubben hiva seg rundt, reisa land og strand rundt, og me enda opp med to vêrar frå Tysnes. Vonlegvis vil ein av dei fungera. I skrivande stund vert stillaset sett opp på sørveggen til løa, og tørrmurar Haakon Aase & Co skal få skikk på ho i 2018. Målet er at me neste år også skal få fiksa taket. Kanskje me til og med er så heldige å få kledningen på med tømmer frå eigen skog? Me gler oss til å sjå resultata og håpar at denne jobben kan vera til glede og av interesse for mange fleire enn oss på Basthaugen gard. For oss er restaureringa ei gåve til oss sjølve, men intensjonen er at dette like mykje er ei gåve til ettertida. Ei anna viktig hending hjå oss i år var Halvors konfirmasjon som me fekk feira i lag med familie og vener den 14. mai. Sjølv om det til tider var rimeleg pinleg for konfirmanten, særleg under talen frå oss foreldre, var dette ein stor dag for hovudpersonen. Han er no den som ruvar høgst over bakken av oss som bur i Øvre Mjøs 11. Basthaugen gard har også friska opp logoar og nettstad og lanserer med denne julehelsinga den nye bladbunaden på nettstaden vår. Difor ein stor takk til Jannike, Brita, Tina og Nordhordland Næringshage som har hjelpt oss med å få dette til. Med dette ønskjer me dykk alle ei fredeleg og gledeleg jul og dei beste ønskjer for det nye åre! Hjarteleg helsing Sunniva, Halvor, Bjørn og Mona Simba, Bella, Daisy, Jojo og Xelia helsar også! Bilete: Tina Monslaup og Jannike Steindal Nordanger
0 Comments
|
AuthorMona Brekkan Archives
December 2021
Categories |