I år vert også julekortet vårt eit blogginnlegg til familie, vener, slekt og bekjente. 2018 går mot slutten og julebarnet anno 2003, Sunniva, vart konfirmert. No er begge ungdommane på Basthaugen på god veg til å verta vaksne og er godt i gang med å ta val for framtida. Men det aller viktigaste er at dei begge kjenner seg trygge i kvardagen, også når dei møter motgang. Motgang er og blir den viktigaste kjelda til vekst for både unge og gamle, også for oss her på garden. Det er mykje å vera takknemlege for. Bilete: Jannike Stendal Nordanger Det er klart at for oss er sjølvsagt kvardagen og framtida til ungdommen vår viktig, men i år er me ekstra takknemlege for at den gamle grindverksløa er ferdig restaurert. Dette har teke tid, men no er ho faktisk ferdig. Enno er det arbeid att for oss og nye prosjekt veks fram. Likevel er det største arbeidet over, og me ser fram til å rydda utanfor og ferdigstilla løa. Ikkje minst skal det bli kjekt å kunna visa løa fram til familie, slekt, vener og dei som måtte ha interesse for det. Det er berre å ta kontakt om du skulle ønskja det. Me kjem tilbake til takketalane då det er mange som fortener dette! Det er mange gode hendingar i 2018, men konfirmantgåva til Halvor var ei stor hending for konfirmanten anno 2017 og mora. I månadsskiftet februar/mars drog me på ei fantastisk rundreise i Israel med Harald Sundsbø som reiseleiar. Me starta i badebyen Eilat heilt i sør før me reiste nordover via Dødehavet og Jerioko til Tiberias. Det vart tur på Genesaretsjøen, me køyrde til Golanhøgda og såg over til Syria, var i Nasareth, Karmelfjellet, Caesarea, Jerusalem og til slutt Betlehem. Det er vanskeleg å setja ord på slike store opplevingar. I tillegg reiste me i lag med ei fantastisk gruppe menneske, og me har allereie hatt reunion to gongar for å mimra om turen og alt me opplevde i lag. Då vil me alle her på Basthaugen Gard takka for dette året og ønskja dykk alle ei riktig god jul og eit godt nytt år.
Nye rapportar om stort og smått på garden kjem i det nye året! Å Betlehem, du vesle by (av Phillips Brooks) Å Betlehem, du vesle by, me ser deg kvila der. Og over deg så stille dreg den store stjernehær. Men i dei mørke gater eit æve-lys skin ned. Til deg no går dei tusen år sin lengsel etter fred. For denne natt ein frelsar stor vart fødd, og englar kvad. Mens verda sov, dei song Guds lov, og himmelen vart glad. Å, morgonstjerner alle, orkynn at han er fødd! Du stjernekor, pris kongen stor! Og fred på jorda mødd! Kor stilt, kor stilt vår Herre gav den julegåva god! Slik himmelen gjev jorda enn si rike signingsflod! Me merkar ei hans kome, men til kvar open sjel stig Jesus inn med nåden sin og gjer ein syndar sæl. Å, kongebarn frå Betlehem, inn i vårt hjarta drag! Me audmjukt bed: Stig til oss ned, vert fødd i oss i dag! Me høyrer englesongen det glade bod fortel. Å, kom til oss, å, ver hos oss, Guds Son, Immanuel!
0 Comments
Leave a Reply. |
AuthorMona Brekkan Archives
December 2021
Categories |