Våren og sommaren er snart over og plutseleg er det faktsik slaktetid. Det er ikkje noko hyggeleg å tenkja på og noko me aldri vil verta vande med her på Basthaugen Gard. I oktober er det fire år sidan dei elleve første svartfjesa kom til Basthaugen gard. På bøane går det i skrivande stund tjue søyer, søtten lam og ein vêr er i pensjon på Grindheim.
Læringskurva har vore bratt i forhold til det aller meste. Denne sesongen fekk me også fire kopplam. Dessutan gjorde finvêret det slik at flogemakken slo til tidleg og fekk gode kår tidleg i sesongen då me enno hadde lemming. Me mista dessverre ei søye i eit flogemakkangrep som me oppdaga for seint. Slik fekk me dei to siste kopplamma av fire som fekk namna Yin og Yang. Ein ettermiddag og kveld nokre veker før brukte me til å redda eit kopplam frå flogemakkangrep. Gubben heldt lammet, medan kjerringa plukka flogemakk med pinsett frå bakenden, barberte med skjeggklipparen til gubben, dyppa det i grønsåpevatn og spraya det godt med blåspray. Dette hadde eg ikkje trudd eg skulle gjera då eg sat på lesesalen i studietida;-)! Det er noko meir komplisert når dei vaksne sauene vert angripne. Skjeggtrimmaren til gubben er ikkje så effektiv på dei vaksne som på eit lite lam. Då var me heldige som fekk hjelp frå Pål, Kenneth og Laila med å få klipt to vaksne søyer slik at me fekk kontroll på angrepa i tide. Men det er ikkje like lett å få vaksne søyer i grønnsåpebad som med lam, men me fiksa det også. Det aller første kopplammet var ein av trillingane til ei av dei eldste søyene våre. Det var så svakt og lite. Likevel var det dette me faktisk greidde å redda - på badet vårt- som i fleire veker denne våren lukta kraftig sau og sauefjøs. Difor fekk dette vesle lammet namnet Lambi. Det budde på badet i fleire dagar, så i ei innhengning ute om dagen og på badet om natta. 17. mai sette me det ut til mora som ikkje lenger hadde lam, men ho tok det til seg att og passa på det. Rett og slett ei fantastisk mor. Men me måtte framleis gje det mjølk. Etter to veker var ikkje Lambi så interessert i flaska lenger. Ein liten spionrunde måtte til, og eit nytt mirakel var skjedd på Basthaugen: Søyemora hadde ikkje berre teke til seg Lambi att, men ho hadde også greidd å få Lambi til å ta mjølk frå ho etter fleire veker utan lam! Oppi alt vart dette ei stor glede for oss! Denne mora byrjar å dra på åra, men me greier ikkje å senda ho av garde denne sesongen etter den fantastiske gode jobben ho har gjort. Det andre kopplammet var eit lam mora ikkje ville ha. Eg oppdaga heldigvis lammet i tide og sprang på vestre bøen med det blodige lammet og prøvde å få mora til å forstå at det var hennar. Men ho var rett og slett eit naut og hadde lagd sin elsk på to andre lam. Men me ga ikkje opp med det første og la kraftfôr på ryggen lammet. Men mora sleika berre så lenge kraftfôret var det og og stanga det vekk når det ikkje var meir. Då var det godt å ha god tilgang på råmjølk frå Arve & CO. Og råmjølk er kraftige saker og gjorde susen. Dette lammet fekk også bu på badet litt, men ho var så stor og kraftig og måtte i eit hundebur med dør eit par netter. I og med at me ha rvaskemaskina på badet, fekk dette lammet namnet Milo. Denne søya vert det noko enklare å senda, spør du meg. Til slutt måtte me berre få klipt sauene. Pål stilte opp, men då slo svartfjesa seg vrange. Dei ville ikkje komma så tidleg på dagen. Dei likar best at me kjem til dei på ettermiddagen og kvelden. Har me skjemd dei bort? Er det mogeleg? Heldigvis fekk me tak i Kåre med sauehundane Cal og Ragna. Desse fekk på imponerande vis samla stabeisa våre på rekortdtid slik at Pål endeleg kunne få klipt dei. Dermed kunne me endeleg senka skuldrene. Me er utruleg takknemlege for alle som har hjelpt oss når det har røynt på denne våren. Til og med elektrikaren som var hjå oss, hadde gode innspel som var til hjelp. I tillegg til elektrikaren, Pål, Laila, Kenneth og Kåre, må me takka Jannike, Johnny, Lone og Stein Erik, Martha, Sølvi, Arve og Kurt. Alle bilete: Jannike S. Nordanger
0 Comments
Leave a Reply. |
AuthorMona Brekkan Archives
December 2021
Categories |