Bygningar
På garden har me våningshuset vårt frå 1912, ei grindverksløe med ei datering frå 1808. På beitet er det også eit stort torvhus i stein som manglar tak.
Hovuddelen av våningshuset er frå 1912, medan tilbygget og restaurering av våningshuset er frå 1990-talet, 2002 og 2015. Det er ikkje gjort store endringar i høve til utsjånad, anna enn tilbygget som er kome til i aust. Den tradisjonelle stilen til dette vestlandshuset er følgt, og det er mellom anna dråpeskifer på taket.
I dag er grindverksløa i dårleg stand, men ho har ei lang historie og er særskilt stor for området med 6 stavar (8 x 20 meter). I tillegg har løa ei særmerkt utforming, fordi ho har store steinveggar både i sør og vest. Løa ber også historia til bruket vårt, men også bygda slik at lokalhistorie flettar seg inni den nasjonale historia då grindverksløa står på den originale plassen som ho hadde før utskiftinga i 1883. Ho er også det einaste bygget som ikkje vart flytta under denne store utskiftinga. Me har også funne ein stein i vestveggen på løa der årstalet 1808 er hogd inn, men i følgje Museumssenteret i Salhus og fylkesarkitekten er nok alderen ein god del høgare. Historia til løa speglar difor både kultur- arkitektur-, og landbrukshistorie på Vestlandet.
Grindverksløa er eit resultat av byggjetradisjonane som vikingane vidareutvikla. Desse byggjetradisjonane står i ei ubroten linje, som ein reknar med er meir enn 3500 år gamle. Løa er berar av dei tradisjonelle byggeskikkane som har lange røter i norsk kulturhistorie. Dei siste 40 åra har løa vorte brukt til lagringsstad. På sikt skal attåtnæringa vera i den restaurerte grindverksløa.