Historie
I det store perspektivet har slekta til Mona vore her i ei svært kort tid. Landskapet og naturressursane i området var også attraktive for steinaldermenneska og seinare generasjonar. Menneska i dette landskapet har vore med å med å skapa kulturlandskapet heilt fram til nyare tid. I dag er den største faren attgroing. I tillegg er området også viktig historisk for landet vårt: Heile grunnlaget for samlinga av Noreg har utgangspunkt i dei uregjerlege småkongane langs kysten som gjorde handelsleia frå nord til sør utrygge.
Gardsbruk 16/4 på Mjøs (Møs), eller «garden i midten», er på 269 mål og er i alle fall frå den første kristne tida, ut på 1000-talet. Ein veit at Svartedauden ikkje la Mjøs aude, og dette inneber at det har vore kontinuerleg busetnad på garden samanhengande i meir enn 1000 år. Heilt frå 1100-talet og fram til reformasjonen var biskopen i Bjørgvin formell eigar av Mjøs. Folka som budde her, var leiglendingar under han. På byrjinga av 1500-talet budde det berre to bønder på Mjøs og nesten 100 år etter reformasjonen vart Mjøs omtala som «Stigtens Jorder», konfiskert bispegods (Haugland 2006:172). Bøndene på Mjøs var framleis leiglendingar, men dei lir neppe noko naud. På grunn av alle krigane ute i Europa må Kongen i København selja garden Mjøs til borgarmeistaren i Bergen, Hans Hansen Smidt.
I 1676 vart Smidt adla og får namnet Lilienschiold. Sonen hans vart ein stor jordeigar på Radøy og busette seg også på Sletta ei tid, og det vart då som no, konfliktar mellom bymann og stril. Seinare måtte han selja store delar av eigedomane sine på Mjøs til militærmannen Kristian Henrik von Hatten. I 1760 vart krigsråden Claus Johan Vilhelm Koren eigar av Mjøs og i 1798 vart store delar av Mjøs skøytt til sorenskrivaren Johan Koren. I 1795 var det ni gardsbruk her, men ingen av dei var store slik at attåtnæring, primært fiske, var viktig for å overleva. Koren tok til å selja jorda til leiglendingane på byrjinga av 1800-talet.
Bruksnummer 4, bruket vårt, er det første Koren selde. Folketeljinga frå 1865 fortel oss at nesten alle bøndene på Mjøs no eigde jorda si. Den sterke oppdelinga førte til omfattande teigblanding slik at gardsdrifta vart vanskeleg . Dermed vart det eit behov for ei utskifting som kom i 1883. Alle bruka fekk då kvar sin samanhengande teig avgrensa mot grannebruket med snorbeine grenselinjer. Dei aller fleste måtte flytta husa sine over til den nye teigen, men på bruket vårt slapp ein dette då storparten av husa låg i gamletunet. Husa måtte flyttast innan Jonsok 1889. Seinare kom utskiftinga av utmarka som var ferdig i november i unionsåret 1905.
Jordbruksteljinga i 1939 viser at det var 21 bruk i dagleg drift på Mjøs, og det står om bruk 4 at «Dei hadde to mål havre og like mykje poteter og fødde ein hest, fem kyr, tre ungbeist, sju vaksne sauer og nokre høns». (Haugland 2006:193) Gjennomsnittsstorleiken i 1939 er 3,5 kyr. Etter utskiftinga i 1889 og i 1905 består garden vår av 2 mål fulldyrka jord, 23 mål overflatedyrka jord, 29 mål gjødsla beite, 93 mål produktiv skog og 121 mål med anna areal.
Det var besteforeldra på farssida til Mona, Ragnvald og Petra Halvorsen, seinare Sæle, som kjøpte garden i 1924 av foreldra til Isak Soltveit, Jakob Andersen Soltveit og den tredje kona hans Marta Olsdatter Sævrås. Isak overtok garden som 16-åring , men som svært mange andre i området på denne tida, søkte Isak økonomisk lukke i Amerika. To år seinare ,som attenåring, lét Isak foreldra, som då allereie gamle, stå for salet av garden.
Ragnvald og Petra Halvorsen Sæle flytta frå Adnestova på heimegarden til Ragnvald på Nore Sæle i Øygarden til bruk 4 på Mjøs i Hordabø kommune med ei lita jente, Marie, på knapt eitt år. Men dei kunne velja mellom to gardsbruk. Trass i at jorda på det andre bruket var enklare å driva, valde dei likevel til slutt bruk 4 fordi her var alle husa i betre stand. Avtalen Ragnvald og Petra inngår med ekteparet Soltveit, var at det unge paret skulle få kjøpa garden og løa. Derimot fekk dei ikkje kjøpa våningshuset då kravet var at der skulle Marta og Jakob bu og vera på kår så lenge dei levde. Og dei vart begge gamle. Jakob døyr i 1946, i 1951 døyr Marta. Ragnvald og Petra fekk fem born til: Halvard, Ragnhild, Ragna, Norvald og Hilda. Det vert til slutt foreldra til Mona, Norvald og Else Rigmor Steiner frå Stavanger, som tek over garden.
I 2002 vart det nytt generasjonsskifte, og Mona Steiner Brekkan og Bjørn Brekkan tok over bruket etter Else og Norvald (sr.) Sæle. Desse tok over bruket i 1957 og arbeidde høvesvis som lensmann og husmor/hjelpepleiar. Dei leigde bort jorda. I dag har bruk 4 vore i denne slekta i snart 100 år, og i dei siste 40 åra har jorda vore bortleigd. No bur det berre to vaksne og to born i Gamlahuset. Gamlahuset vart restaurert og fekk eit tilbygg i 2002. I 2015 vart det restaurert kun innvendig. Generasjonen som bur i Gamlahuset i dag, bur på eit større areal enn det Ragnvald og Petra hadde til seg sjølve, dei seks borna og dei to kårfolka.
I dag er grindverksløa i dårleg stand, men ho har ei lang historie og er særskilt stor for området med 6 stavar (8 x 20 meter). I tillegg har løa ei særmerkt utforming, fordi ho har store steinveggar både i sør og vest. Me er i gang med å restaurera løa.
Svartfjesa er også viktige for å halda på det gamle kulturlandskapet på garden som ikkje er laga for store tunge maskiner.
Kjelder:
Anders Haugland. Radøy gjennom tidene. Bind 1. 2006
Norconsult. Landskapskartlegging Radøy kommune med landskapsanalyse over Marås. 2012
Slektsgranskar og fetter Trond Mjøs