Plutseleg er det faktisk gått både vinter og vår før me igjen skriv her på bloggen. I mellomtida har det ikkje vore mindre enn ein pandemi med alt det inneber. Likevel, kan me ikkje klaga her på garden. Me lever fritt og følgjer årstidssyklusane for både sauane og blomane på marka går livet vidare om det er pandemi eller ikkje. Sjølvsagt er me privilegerte, men i dei siste to åra har me vore ekstra takknemlege for å kunna leva liva våre nettopp på eit småbruk på Radøy. Bilete teke i Lom stavkyrkje, sommaren 2021 Ungdommen veks til og no i jula vert Sunniva også myndig, Halvor går på Fjordane Folkehøgskule, drengen er blitt pensjonist og kjerringa har passert dei femti. I skrivande stund går det 23 søyer på garden i lag med Halsnøy-vêren frå Brakhaug Gard frå Verdas Ende. Han var så flittig og god i fjor at han får jobba her denne sesongen også. Dessutan har me vore så heldige å få tilleggsjord hjå naboane, Selma i nord og Unni og Magne i sør. Utan tilleggsjorda hadde det vore vanskeleg å ha så mange sauer her då dei går ute og beitar heile året. I tillegg har drengen utvida beite i utmarka med å gjerda inn over 30 mål. Elles har me no berre to hundar, Jo-Jo og Chablis, og katten Bella. Dessverre døydde Simba, han me kalla Kongen eller Le Roi, no nyleg. Me henta han for ein del år tilbake på Dyrebeskyttelsen, og meiner å hugsa at han fekk minst eit blogginnlegg då han brukte kjerringa som klorematte - opp til fleire gonger. Men etter nokre månader på lemmen, vart han heimekjær og fekk sine faste rutinar. Likevel gjekk det ei god stund før kjerringa våga å kosa med han att. Hunden Daisy har fått ein ny heim hjå Ingrid på Sletta. Daisy gjekk inni ein djupare depresjon etter at me fekk border collien som vart døypt for Chablis – ja, kva anna kan ein venta seg her på garden. Chablis er mildt sagt rar, har svart belte i kosing og er veldig sjalu. Ho er som ein bulldosar når ho meiner kosen er nærme – og det er om lag heile tida. Dette vart for mykje for Daisy slik at ho brukte mat som trøyst og la på seg så mykje at me måtte til tider bera henne på tur. Til slutt kunne me berre gå til postkassane med henne. Ikkje mindre enn to besøk til dyrlegen skulle det bli. Dei såg på oss med alvorleg augo og sa: «Hunden er berre er sjukeleg feit.» Og me som verkeleg hadde prøvd med å fjerne all tilgang til mat. Likevel vaks hunden i diameter. Då Ingrid mista fine Sheena, takka Ingrid ja til å sjå om ho greidde å knekka Daisy-koden. Og det gjorde ho! Sunniva saknar Daisy særskilt mykje, men no får Daisy absolutt all merksemda og kjærleiken til Ingrid og slepp å bli køyrt over av Chablissen. Alle reiseplanane våre vart kansellerte då pandemien kom. Bjørn og Halvor hadde nett vore på si iberiske reise og måtte i karantene. Sjølv om me er glade i garden og Radøy, likar me å reisa ut i verda og sjå nye stadar og møta nye folk og kulturar. Men det måtte altså ein pandemi til for at me skulle oppdaga Hardanger. Plutseleg eigde me campingvogn med isocamp på Hardanger Feriesenter. Dette har gjort det mogeleg for oss å få dekt reiselysta vår, og me forstår veldig godt kvifor folk kjem frå heile verda for å oppleva stader som Ulvik, Herand, Utne, Jondal og alle turane til setrer og fjellhytter. Og det er ikkje få gonger på nydelege sommardagar at me har kjent oss som figurar i eit nasjonalromantisk måleri som til dømes "Brdefærden i Hardanger. Dette måleriet har inspirert andre kunstnararar som Andreas Munchs dikt til dette ikoniske måleriet med same namn:
Der aander en tindrende sommerluft varmt over Hardangerfjords vande, hvor høit op mod himlen i blaalig duft de mægtige fjelde stande.
1 Comment
|
AuthorMona Brekkan Archives
December 2021
Categories |