Frå måleri i ei kyrkje/kapell på Betlehemsmarkene, Betlehem i mars 2018. (Foto: Mona S. Brekkan) No er det over. Det me har kvidd oss til, er over. Det er nødvendig, men det er ikkje kjekt. Men no er det gjort, no er det heldigvis over. Me kan sjå fram til ein ny sesong, ein ny vêr og ein ny vår med lemming. Medan me ventar på vêren, kan det vera OK å lesa eit dikt om lemming og at det av og til ikkje alltid går heilt som planlagd i lemminga heller.
Dei siste lamma våre kom seint, og nabo og nevø, Fredrik Vågenes, vart inspirert til å skriva då han var på besøk under heimeeksamen. Dette diktet er frå samlinga "finst det ein morgon" som var eksamensbesvarelsen hans på tekst- og skribent-linja på Westerdals: eit nyfødd lam ligg i sponhaugen og brekar etter mora som spring etter seg sjølv med navlestrengen hengande etter som du du du har gløymt deg sjølv
0 Comments
Leave a Reply. |
AuthorMona Brekkan Archives
December 2021
Categories |